No er det mogleg å bruke betalingsløysinga Vipps når du arrangerer eller deltek på bedriftsorienteringsløp! Løysinga er enkel å bruke både for deltakarar og arrangør. Målsettinga er at flest mogleg nytter Vipps slik at det vert mindre kontantar å handtere. I punkta under er eit kort samandrag av korleis løysinga med Vipps fungerer.
For deltakarar:
- Installer Vipps-appen på din smarttelefon og registrer ein brukerprofil. Appen finnes for både Android og iOS.
- Dersom det ikkje er mobildekning der løpet vert arrangert, MÅ ein betale før ein kjem til området og ha kvitteringa klar. Eller betal med kontantar.
- Gjer unna betalinga i Vipps før du går til påmelding for å unngå kø.
- Åpne Vipps, send pengar, søk på Orientering, Hordaland bedriftsidrettskrets, evt nr. 516407.
- Legg inn rett beløp: kr 100,- for startkontingent, kr 135,- for startkontingent og leigebrikke.
- Skriv i meldingsfeltet dato og arrangør eller sted for løpet som betalinga gjeld! T.d. "HSI BIL 7. sep".
- Vis kvitteringa til arrangørane ved påmelding.
For arrangørar: