C-løypene generelt

Vi driv med glad amatøridrett på dugnad så vi kan godt leve med som 14.06(Hordnesskogen) at:

* Kartkvaliteten ikkje er av beste kvalitet(post 120 og område rundt post 112)
* Postar stundom vert feilplassert
* Vegval over område som er sterkt forureina ikkje er skravert vekk som ikkje-løpbart(123--> 124)
* Siste post er plassert midt inne grønnaste parti (A (og C) - løypa) = sjangsespel

Som løypeleggar har eg sjølv gjort slike feil, og vi har avgrensa ressursar til kontroll, osv. Heilt OK, sjølv om vi må strekke seg etter å løfte kvaliteten i alle ledd.

Det som er meir trist etter å ha sett og hatt ordskifte med mange C-løparar etter siste løp i Kanadaskogen(31.05) og Hordnesskogen(14.06), er nivået spesielt på starten av C-løypene. Dei må leggast på riktig nivå(maks C i starten) med fokus på å få løparane godt i gang og gje dei mestringskjensle. Etter diverse løypeleggarkurs er begge desse startane bortimot skrekkeksemplar på korleis det skal gjerast.

Ønsker vi rekruttering til idretten vi er så glad i må fokuset i C-løypa vere på dei som teknisk prøver å karre seg opp frå N til C-nivå. Det er fint om ein slipp å høyre om fleire i år som har sokna på gråten rundt i skogen, på jakt etter post 1.
Dei kjem ikkje attende.

beste helsing
Anders T. Rød